Historikk

Villfisken og lakseelva Gjengedalsvassdraget

Laks- og sjøaurefiske har alltid hatt ein viktig plass som fritidsaktivitet og inntektsgrunnlag for dei gardane som har slike rettar i bygda. Her finst to gode laksevassdrag, Gjengedalsvassdraget, mest omtala som Aaelva og Ommedalselva når det gjeld fiske, og Hopselva.

I Gjengedalsvassdraget har det i snart 100 år vore drive kultiveringsarbeid. Først frå eit lite klekkeri på Aa, der det vart stroke stamfisk frå vassdraget og lagt inn rogn i klekkeriet om haustane. Rogna klekka om våren og vart sett ut i elva og vatna som ufora plomesekkyngel på forsommaren.

For å trappe opp og effektivisere kultiveringa i vassdraget gjekk elveigarane på Aa og i Ommedal saman og bygde nytt klekkeri for vassdraget i Ommedal og med Ommedals-Tverrelva som vasskjelde. Hausten 1980 stod klekkeriet ferdig.

Til å stå for det praktiske arbeidet med kultiveringa og drifta av klekkeriet, vart det gjort avtale med 3 av elveigarane, Anders og Anton Aa og Rasmus Ommedal.

I 1983 hadde dei 3 lyst til å ta kultiveringa eit steg vidare, og fekk då for eigen kostnad føre opp setjefiskavdeling ved klekkeriet med kar for oppbevaring av stamfisk og fôring av yngel og smolt. Det vart også eksperimentert med tekniske løysingar, m.a. eit resirkuleringsanlegg med oppvarming av vatnet, lufting, sedimentering, UV-handsaming og varmegjenvinning i varmevekslar, alt saman heimeprodusert.

På slutten av 1970-talet og tidleg på 80-talet var laksebestanden i vassdraget nede i ein bølgjedal. Fleire år var det problem med å få fatt i stamfisk til kultiveringsarbeidet. I 1984 fekk ein konsesjon på eit stamfiskanlegg på 1000 m3 inst i Hyefjorden for å fôre fram stamfisk av elvestammen til bruk i kultiveringa. Same året vart 4500 smolt på 45 gram overført frå klekkeriet til dette anlegget som bestod av 4 små merdar laga av glasfiberpontongar og aluminium.

På denne tida var det stor aktivitet på fleire frontar når det gjaldt kultiveringa i vassdraget. I samband med strykinga av sjøaure frå vassdraget tok vi eit initiativ overfor Norsk Institutt for Naturforskning for å få i gang eit merkeforsøk på avstroken stamfisk av sjøaure. Dei heldt merke og utstyr, og vi stod for arbeidet. Merkemetoden var Lea-merke, som består av ein liten, gjennomsiktig plastkapsel med eit brev inni, som fortel kva fiskaren som fangar fisken skal gjere. Dette merket vert festa til ryggfinnen til fisken med rustfri ståltråd.

Dette forsøket som gjekk over mange år var svært vellukka, og gjenfangstprosenten på den første årgangen då det var lite kjent kvar den merkte fisken stamma frå, var heilt oppe i 75 %. Sjøauren i Gjengedalsvassdraget gyt stort sett kvart år og kan bli svært gammal. Såleis var det mykje fisk som var innom klekkeriet fleire år, merka avlens, og fisken vart stroken for rogn eller mjølke og gjekk ut att i elva med merka på. I materialet, som etterkvart vart det største i landet i sitt slag, var det såleis fleire fiskar som hadde vore innom kultiveringsanlegget 4 gonger.

Dei åra då innsatsen på kultivering av sjøaurebestanden var på topp, vart det stroke og merkt om lag 500 stamfisk av aure årleg, der om lag 100 av desse var over 5 kg.

Det vart også utført fleire forsøk med Carlin-merking av laksesmolt og settefisk av sjøaure. I samarbeid med NINA og Universitetet i Stavanger vart fleire tusen laksesmolt finneklipt på h.h.vis høgre og venstre bukfinne der eine gruppa vart badebehandla med eit stoff som skulle verne smolten mot påslag av lakselus under utvandring til havs, medan den andre gruppa ikkje hadde fått slik handsaming.

Fleire km elvestrekning ovanfor dei høge fossane i vassdraget vart tekne i bruk som oppvekstområde for laks ved at det vart sett ut einsomrig, fora settefisk på desse stekningane. For å betre tilslaget av desse utsettingane vart det lånt elektrisk fiskeapparat for å tynne ut bestandane at småfallen innlandsaure som fanst på desse elvestrekningane frå før. Mange dagsverk vart brukt på dette arbeidet våren 1983, og settefisken som vart fanga vart nytta som settefisk i fisketome tjørn, elvar og vatn i området. Mellom anna har Ommedalstølselva fått etablert ein fin aurebestand i 30-årsperioden som har gått sidan med utgangspunkt i denne utsettinga.

Utsetting av anadrom fisk ovanfor høge fossefall i lakseførande vassdrag medfører at smolten må vandre ned att dei same fossane for å føreta vandringa si til havs. Det fanst lite dokumentasjon på korleis denne fisken greier seg og kva eventuelle skadar han er utsett for. For å få meir kunnskap om det, vart det 12 – 27 september 1985 gjennomført eit forsøk med å sleppe elektrofanga fisk av aktuell storleik utfor Rongkleivfossen. Rongkleivfoss ligg i eit sydvent sidevassdrag til Gjengedalsvassdraget og er den endelege hindringa for oppvandrande fisk i denne delen av vassdraget. Så mykje som mogleg av fisken vart samla opp i ein stor hov med flyteelement som vart plassert i fossrota under fossen. Denne fisken vart transportert til kultiveringsanlegget og observert i 15 dagar før han vart sleppt ut att i elva. Fisk som døydde under nedfarten i fossen og i observasjonsperioden etterpå vart send til Lærdal Sjukehus for røntgenfotografering for å avdekke dødsårsak, skade-type og omfang. Dette forsøket vart utført i samarbeid med konsulent Leif Sættem hjå Fylkesmannen.

Diverre kom kultivering av dei anadrome laks- og sjøaurebestandane i miskreditt hjå fiskeforvaltninga kring årtusenskiftet, og vi vart nekta stamfiskløyve og fekk beskjed om å slutte å kultivere på grunn av at fiskebestandane var så livskraftige. Likevel har det vore utført kultivering på laksestammen i eit visst omfang med utgangspunkt i fisk som har vorte teken vare på i ordinær fiskesesong, og laksebestanden i vassdraget er relativt god. Aurebestanden har ikkje vore drive kultivering på dei siste 12 åra, og er no i relativt dårleg forfatning.

Vi meiner at det no er på høg tid å la elveigarar med kunnskap og interesse for eit kultiveringsarbeid dei har sett verkar, la få lov til å drive med det. Dette er eit langsiktig arbeid, der det gjerne går 6 år før ein kan hauste resultat av arbeidet. Dette vil vere meir konstruktivt enn einsidig gje oppdrettsnæringa skulda for alt som er gale.

Det var i første halvdel av 1980-talet at tankane om ei større satsing på eit kommersielt settefiskanlegg tok form. Den 17. april 1985 vart søknad om bygging av settefiskanlegg til Hyen Fisk AS send til dei aktuelle styresmakter. Etter ein lenger prosess fekk Hyen Fisk AS den 12.6.1986 konsesjon for produksjon av ein halv million smolt i Åreneset i Hyen. (Seinare utvida til 800.000 stk.).


I utgangspunktet hadde ein planar om å bruke rogn frå stamfiskanlegget og elvestammen på Hyen Fisk AS. Stamfisken hadde vist brukande tilvekst og utvikling. Etter 2,5 år i sjø strauk ein dei første fiskane og la inn rogn frå desse i kultiveringsanlegget, men vi vart overraska over at berre ein liten del av fisken hadde blitt kjønnsmoden, faktisk berre 4–5 %. Ikkje rart at vassdraget vert rekna som ei storlakselv! Men litt av forklaringa er nok òg at vi hadde valt å bruke foreldre til stamfisken som ut frå skjellanalyser hadde gått 3 år i sjøen før dei kom tilbake til elva for å gyte.

Stamfiskanlegget vart ei heller kortvarig soge. Våren 1987 fekk ein påvist BKD på fisken i anlegget. Det var etter det ikkje annan utveg enn å slakte ned fisken som var der. Største fiskane var då heile 23 kg. Ved innsending av prøver frå fisk fanga i elva, vart det avdekka at smitten kom frå fisk derifrå. Stamfiskanlegget vart då teke på land og drifta avslutta.

Hyen Fisk AS

40 02 92 45Send oss en epost
Hyevegen 1763, 6829 Hyen
Dagleg leiar: Åsmund Ommedal

Sande Settefisk

97 75 24 18Send oss en epost
Sørstrandsvegen 655, 6823 Sandane
Dagleg leiar: Tom Wilke

Nordfjord Laks

95 07 21 46Send oss en epost
Rygg skule, Heggjedalen 8, 6823 Sandane
Dagleg leiar: Svein Klævold
Utviklet av: