Ledig stilling

DRIFTSOPERATØR/RØKTAR

Sande Settefisk AS held til på Rygg i Gloppen kommune i Nordfjord. Her har vi konsesjon på 1 million fisk av laks og regnbogeaure som vi leverer til kundar langs vestlandskysten. På Sande Settefisk har vi tilsette med opp til 30 års erfaring og høgare utdanning innan akvakultur fordelt på 6 tilsette. Anlegget har også ein lærling i sin stab. Sande Settefisk AS har sidan 1993 vore dotterselskap til Hyen Fisk AS. Selskapet er også medlem av Salmon Group. Anlegget er GlobalG.A.P sertifisert. Heimeside: hyen.no/sande-settefisk-as/

Sande Settefisk AS, søkjer etter driftsoperatør/røktar med teknisk kompetanse til sitt settefisk anlegg på Rygg i Gloppen Kommune.

Aktuelle arbeidsoppgåver:

  • Dagleg drift og røkting i anlegget, inkludert sortering, vaksinering og levering av smolt.
  • Dagleg ettersyn og vedlikehald av teknisk produksjonsutstyr.
  • Oppfølging av kvalitet m.o.t myndigheitskrav og kvalitetssystem
  • Journalføring og rapportering i verksemda sitt produksjons- og internkontrollsystem.
  • Delta i vaktordning (responstid 20 minutt frå anlegget)
  • Andre arbeidsoppgåver som kjem til.
  • Opplæring blir gjeve.

Følgjande kvalifikasjonar blir vektlagt: 

  • Teknisk kompetanse
  • Relevant utdanning og erfaring innan akvakultur.
  • Fagbrev i akvakultur.
  • Gode samarbeidsevner, ryddig og nøyaktig.
  • Evne til å arbeide systematisk og målretta.
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og takle ansvar.

Vi kan tilby:

  • Lønn etter avtale og kvalifikasjonar.
  • Godt arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Kurs og kompetanseheving
  • Gode fritidsmoglegheiter i nærmiljøet og tettstaden Sandane.

Søknadsfrist: 16.10.2017.

Nærare opplysningar om stillinga kan rettast til dagleg leiar Åsmund Ommedal, tlf. 40029245 eller driftsleiar Tom Wilke, tlf. 97752418. Skriftleg søknad stilast til: sande@hyen.no.