Hyen Fisk AS

Hyen Fisk

Settefiskanlegget Hyen Fisk AS
Settefiskanlegget Hyen Fisk AS
Startforingshallen
Veksthall
Ny CO2-luftar

Hyen Fisk AS

Hyen Fisk AS vart skipa i 1986 i Hyen, og produserar settefisk til oppdrettsnæringa. Etter den tid har selskapet kjøpt opp Sande Settefisk AS og er over 50 prosent medeigar i matfiskselskapet Nordfjord Laks AS som har 2 konsesjonar. Anlegget er plassert i den vesle, vakre bygda Hyen i Nordfjord i Gloppen kommune. På Hyen Fisk har vi produsert både laks og regnbogeaure, men sidan 2013 har vi spesialisert oss berre på regnbogeaure. Vi har i tillegg eit av landets beste klekkeri med veldig gode klekkeresultat år etter år. Rogna får vi frå AquaGen. I løpet av dei siste åra har vi investert i auka kapasitet på co2-lufting og meir karvolum. CO2-luftarane, som er sjølvproduserte, har senka CO2nivået i avløpet frå kara til under 10 mg/l. Dei gamle lysrøyra i startforinga og veksthallen har blitt skifta med nye ledlys. Desse er meir miljøvennlege og gjev betre lys. I tillegg har vi gått i innkjøp av eit nytt fôrsystem i veksthallen levert av Aquatec Solutions.

I 2013 blei selskapet GlobalG.A.P- sertifisert. Det vil seie at vi har dokumentasjon på at produksjonen er i samsvar med kriteria i standarden til produktkvalitet, mattryggleik, dyrevelferd og miljøpåverknad. Du kan lese meir om GlobalG.A.P. her. Hyen Fisk AS er føregangsanlegg for Salmoun Group mht GlobalGAP og blir trekt fram som ein av dei beste i klassen. Vi er stolte av å oppfylle dei høge krava til produksjonen som GlobalGap standaren set.

Hyen Fisk er medlem av Salmon Group. Salmon Group er verdas største nettverk av små, familieeigde oppdrettsselskap. Med base i Bergen, Norge, yter dei service for 46 aksjonærar, som til saman disponerar 115 konsesjonar for oppdrett av laks og regnbogeaure langs Norskekysten, og produksjon av omlag 50 millionar smolt. Salmon Group forhandlar om fôr, vaksiner, forsikringar og andre fellesløysningar som vi oppdrettarar dreg god nytte av. Du kan lese meir om Salmon Group her.