Om oss

Hyen Fisk

Hyen Fisk AS vart skipa 21. mai 1986 av 7 lokale aksjonærar i Hyen. Teikning og prosjektering av anlegget vart gjort av Rasmus Ommedal som saman med to andre av aksjonærane, Anders Aa og Kurt Djupvik, la ned ein stor eigeninnsats i samband med realisering av byggeplanane. Mellom anna vart fôringsautomatar og det meste av utstyret elles til anlegget sjølvprodusert. Likeeins plastsveising og røyrlegging på anlegget. Bygginga av settefiskanlegget med Astrup Høyer AS som utførande entreprenør tok til i august 1986, og anlegget stod ferdig eit og eit halvt år seinare.

Alt frå starten av var heile anlegget bygt under tak, som eit av svært få i heile landet. Vekstkara vart bygd i epoxybelagd betong, der eit sjølvlaga forskalingssystem i stål gjorde det mogleg å støype kara i 2 operasjonar og utan støypeskøytar i veggane. Desse kraftige kara vart brukte som fundament for overbygget i limtre og sjølvberande stålplater. Noko som også var føre si tid, var det integrerte transportsystemet der fisk frå alle vekstkar kunne tappast ut frå kara og pumpast til sortering, vaksinering eller levering. Anlegget vart teke i bruk allereie sommaren 1987 ved hjelp av innkjøpt yngel.

Hyen Fisk AS kjøpte opp Sande Settefisk AS i 1.1.1993.

Fram til 2013 produserte Hyen Fisk AS både laks og regnbogeaure, etter dette har verksemda berre satsa på regnbogeaure. Hyen Fisk leverar framleis yngel av laks til Sande Settefisk AS. I 2015 har vi investert i auka kapasitet på CO2-lufting, nye lys over kara i veksthallen og meir karvolum.

Sande Settefisk AS

I 1985 starta bygginga av anlegg og røyrgate for inntaksvatn frå Ryggelva, med eit produksjonsvolum på 1130 m3.  Rødeggen Settefisk AS frå Vågsøy kommune var tildelt konsesjon på 500 000 sjødyktig settefisk av laks og regnbogeaure. Anlegget hadde ein tøff start spesielt i vinterhalvåret utan sjøvatn. Tøffare skulle det bli når det i 1987 vart påvist BKD utbrot på yngelen og førte til sanering av produksjonen og konkurs for selskapet.

I 1988 – 89 vart det arbeidd med påbygg av driftseiningar på uteområdet/påvekstkar og utviding av anlegget med 400 m3 til 1520 m3 produksjonsvolum.

Sparebanken tok over styringa av verksemda i 1990 pga. problem med aluminium i vatnet, dårleg gjellestatus på fisken og stor dødeligheit. Hyen Fisk AS kjøper selskapeet Sande Settefisk AS i 1993. Etter kjøpet blir det bygd nytt U.V. behandlingstårn for desinfeksjon av alt inntaksvatn. I periodar med mykje nedbør var det problem med dårleg UV-transmisjon og dermed for dårleg desinfeksjon av vatnet.

Midt på 90-talet er Sande Settefisk AS eit av dei første settefiskanlegga i Norge som nyttar ozonbehandling til desinfeksjon av råvatn. I denne perioden går også anlegget over til maskinell vaksinering av fisken.

Sande Settefisk AS fekk i 2003 løyve til utviding av konsensjonen for produksjon av laks og aure til 1 million fisk. I 2005 vart det bygd ein stor hall over 12 av 8 meters kara på ute-området. Dette for å betre produksjonsvilkåra for 0-årig laks. Verksemda startar med Supersmolt program for 0-årig laks i 2009.

I perioden 2012 – 2014 fører verksemda opp to hallar over dei resterande 8 meters kara. Det blir også bygd eit nytt 15 meters kar i den eine av dei sist oppførte hallane, slik at alle kar no er under tak. Det blir installert CO2 lufterar frå Flatsetsund og Sterner på alle vekstkara. Det vart i denne perioden også installert ei ny varmepumpe for utviding av varmekapasiteten for startfòring og produksjon av større 0-åring. Produksjonsvolumet er no 2000m3.

Nordfjord Laks AS

I 1985 vart det lyst ut ei runde med nye matfiskkonsesjonar. Interessa for desse konsesjonane var svært stor, og berre i Gloppen Kommune var det mange søknadar.

Hyen Laks AS søkte også om konsesjon. Den 2. august 1985 vart søknaden sendt, og den 11. september 1986 fekk ein tildelt konsesjonen med 8000 m3 merdvolum på lokaliteten Klubben i Hyen. Denne lokaliteten vart aldri teken i bruk på grunn av nærleik til dei laks- og sjøaureførande elvane i Hyen. Initiativtakarane vart difor samde om å søkje konsesjonen lokalisert ved Kleppenes, 6 km lenger ute i Hyefjorden.

Hyen Laks AS vart skipa den 1. januar 1986 med 5 lokale aksjonærar der 4 av dei var busette i Hyen. Matfiskanlegget, med eit stålanlegg frå Normær vart sett i drift sommaren 1987. Til å byrje med hadde ein berre lokaliteten på Kleppenes, og smolt vart sett ut fleire år på denne lokaliteten saman med fisk som stod i anlegget frå året før.

Seinare kom reglar om utsett av åtskilde årgangar av smolt, og lokaliteten Lindeneset, litt lenger ute i Hyefjorden, vart teken i bruk. Så lenge Hyen Laks AS dreiv sin eine konsesjon i Hyefjorden, vart det drive vekselbruk på desse 2 lokalitetane. Hyefjorden er prega av ein vasskvalitet med mykje brakkvatn, og dette har gjort at det berre sporadisk i vintrar med lite nedbør har vorte registrert lakselus på fisken, og då i svært små mengder.

I september 1991 vart konkursbuet til tidlegare Mjømna Laks AS i Gulen kjøpt frå Fokus Bank AS i Bergen med tilhøyrande konsesjon for produksjon av laks og aure SF/G 18. Etter mellomspel der denne konsesjonen vart disponert av selskapa Miljøfisk as i Gulen (planar om lukka matfiskanlegg) og Frøyfisk AS i Bremanger, vart Nordfjord Havbruk AS registrert i juli 1996 og matfiskproduksjon starta opp på lokalitetar i Vågsøy og Selje og konsesjonsnr. SF/V 17.

Av fleire grunnar var ikkje lokalitetane i ytre Nordfjord optimale og ein prosess med å få samla matfiskproduksjonen til Nordfjord Havbruk AS og Hyen Laks AS i Gloppen Kommune tok til. Frå 1 januar 2011 vart dei to matfiskselskapa fusjonert saman i noverande Nordfjord Laks AS. Fusjonen medførte trong for ny lokalitet, då lokalitetane ein disponerte i Hyefjorden har vist seg å ha begrensa produksjonskapasitet, og er avgrensa til MTB 780 tonn. Ny lokalitet vart difor omsøkt og etablert ved Haneholmen med tillaten produksjonskapasitet 1560 tonn MTB.

Nordfjord Laks forvaltar i dag to konsensjonar og har lokalitetar ved Haneholmen i Nordfjorden i tillegg til dei to opphavelege lokalitetane i Hyefjorden.

Hyen Fisk AS

40 02 92 45Send oss en epost
Hyevegen 1763, 6829 Hyen
Dagleg leiar: Åsmund Ommedal

Sande Settefisk

97 75 24 18Send oss en epost
Sørstrandsvegen 655, 6823 Sandane
Dagleg leiar: Tom Wilke

Nordfjord Laks

95 07 21 46Send oss en epost
Rygg skule, Heggjedalen 8, 6823 Sandane
Dagleg leiar: Svein Klævold
Utviklet av: