Sande Settefisk AS

Sande Settefisk AS

Oversiktsbilete av Sande Settefisk AS på Rygg.
Oversiktsbilete av Sande Settefisk AS på Rygg.
Oversiktsbilete av Sande Settefisk AS på Rygg.
15 meter kar, Sonjahallen
8 meters kar, Mette Marit hallen

Sande Settefisk AS

Sande Settefisk AS held til på Rygg i Gloppen Kommune. Vi har sidan 1993 vore eit dotterselskap til Hyen Fisk AS. I 2019 blei det etablert ein ny eigarstruktur beståande av Svanøy Havbruk AS, Hyen Fisk AS og Nordfjord Laks AS.

Vi har i dag konsesjon for ein million sjødyktig settefisk av laks og regnbogeaure som vert levert til Svanøy Havbruk AS og Nordfjord Laks AS.

Verksemda er i stadig utvikling der vi ynskjer å ta del i ein framtidsretta smoltproduksjon og på same tid sikre behovet for settefisk og postsmolt av god kvalitet til Svanøy Havbruk AS og Nordfjord Laks AS. Med denne målsettinga byggjer vi no klekkeri og ny startfôringsavdeling basert på resirkuleringsteknologi. Samstundes er vi i gong med prosjektering av postsmolt-anlegg, også dette basert på resirkuleringsteknologi. Dagens produksjon foregår i eit tradisjonelt gjennomstrøymingsanlegg, og denne avdelinga skal vi nytte vidare. I denne samanheng søkjer vi no om årleg produksjon på fem millionar sjødyktig settefisk.

Grunna utviding søkjer vi fleire dyktige medarbeidarar: Ledig stilling som AVDELINGSLEIAR RAS-anlegg og DRIFTSOPERATØR/-AR

For informasjon om utbygginga hjå Sande Settefisk, klikk på denne lenka: Utbygging på Rygg