Ledige stillinger

Sande Settefisk AS held til på Rygg i Gloppen Kommune. Vi er i dag 10 tilsette som produserer settefisk av laks og regnbogeaure. Etter nyleg etablering av eit RAS-anlegg for klekkeri og startfôring, byggjer vi no postsmoltanlegg som også er basert på moderne RAS-teknologi.

Selskapet er i stor vekst med aukande anleggsmasse. Vi har difor behov for fleire dyktige medarbeidarar og vil utvide organisasjonen med teknisk leiar og driftsoperatørar, alle i 100% fast stilling.

 

TEKNISK LEIAR:

Sentrale oppgåver:

  • Overordna ansvar for teknisk drift av heile produksjonsanlegget.
  • Leie og koordinere arbeidet retta mot teknisk drift.
  • Drift, tilsyn, vedlikehald og oppfølging av teknisk produksjonsutstyr.
  • Etablere, vidareutvikle og følgje opp drifts- og vedlikehaldssystem.
  • Bidra i den dagleg drifta av anlegget med røkting og handtering av fisk.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Relevant utdanning innan automasjon, elektro, maskin eller prosessteknikk. Relevant erfaring vil kunne kompensere for manglande utdanning.
  • Gode leiareigenskapar og ein god motivator med stor interesse for faget.
  • Erfaring og kunnskap om RAS, settefiskproduksjon eller andre prosessanlegg er ein fordel.
  • Du må ha interesse for biologi, då samspelet mellom biologi og teknologi vil vere sentralt i arbeidet.

 

DRIFTSOPERATØRAR:

Sentrale oppgåver:

  • Dagleg drift retta mot fôring, stell og tilsyn med fisk.
  • Sortering, levering og vaksinering.
  • Prøvetaking, overvaking og oppfølging av vasskjemi.
  • Hygiene og reinhaldsarbeid.
  • Dagleg ettersyn, vedlikehald og oppfølging av anlegg og teknisk produksjonsutstyr.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Høgare relevant utdanning eller fagbrev i akvakultur er ein fordel, men ikkje eit krav.
  • Erfaring og kunnskap om RAS, settefiskproduksjon eller andre prosessanlegg er ein fordel.
  • Du må vere ryddig, strukturert og praktisk anlagt.

 

FELLES FOR STILLINGANE:

  • Sikre god fiskevelferd og ivareta HMS i verksemda.
  • Registrering og journalføring av produksjonsdata, og anna dokumentering i verksemda sitt internkontrollsystem.
  • Evene til å arbeide sjølvstendig, men samstundes være ein god lagspelar.
  • Du må være positiv, ansvarleg, systematisk og strukturert i arbeidet.
  • Inngå i selskapet si beredskaps- og vaktordning, med responstid på 20 min.

Vi kan tilby:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i ei framtidsretta næring.
  • Ungt og triveleg arbeidsmiljø i eit selskap i vekst.
  • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
  • Lønn etter avtale og kvalifikasjonar, gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Gode kultur- og fritidstilbod i nærmiljøet og den flotte tettstaden Sandane.

Søknadsfrist: 25.05.2022          Tiltreding: snarast             Begge kjønn oppmodast om å søkja.

Spørsmål kan rettast til dagleg leiar Tom Wilke, tlf.: 97752418. Skriftleg søknad til: tom@hyen.no

Hyen Fisk AS

40 02 92 45Send oss en epost
Hyevegen 1763, 6829 Hyen
Dagleg leiar: Åsmund Ommedal

Sande Settefisk

97 75 24 18Send oss en epost
Sørstrandsvegen 655, 6823 Sandane
Dagleg leiar: Tom Wilke

Nordfjord Laks

95 07 21 46Send oss en epost
Rygg skule, Heggjedalen 8, 6823 Sandane
Dagleg leiar: Svein Klævold
Utviklet av: