Hyen Fisk AS vart skipa i 1986 i Hyen, og produserar settefisk til oppdrettsnæringa. Etter den tid har selskapet kjøpt opp Sande Settefisk AS og er over 50 prosent medeigar i matfiskselskapet Nordfjord Laks AS som har 2 konsesjonar. Anlegget er plassert i den vesle, vakre bygda Hyen i Nordfjord i Gloppen kommune. På Hyen Fisk har vi produsert både laks og regnbogeaure, men sidan 2013 har vi spesialisert oss berre på regnbogeaure. Vi har eit tradisjonelt klekkeri med 24 1m kar og eit klekkeskåp. Rogna får vi frå AquaGen. Vi har 51 2m kar i startfôringa og 42 6m kar i påveksthallen.
I løpet av dei siste åra har vi investert i auka kapasitet på co2-lufting og meir karvolum. CO2-luftarane, som er sjølvproduserte, har senka CO2nivået i avlaupet frå kara betrakteleg. Dei gamle lysrøyra i startforinga og veksthallen har blitt skifta med nye ledlys. Desse er meir miljøvennlege og gjev betre lys. I tillegg har vi gått i innkjøp av eit nytt fôrsystem i veksthallen levert av Aquatec Solutions. Vi har også investert i eigenproduksjon av oksygen og auka oksygenkapasitet.
I 2013 blei selskapet GlobalG.A.P- sertifisert. Det vil seie at vi har dokumentasjon på at produksjonen er i samsvar med kriteria i standarden til produktkvalitet, mattryggleik, dyrevelferd og miljøpåverknad. Du kan lese meir om GlobalG.A.P. her. Vi er stolte av å oppfylle dei høge krava til produksjonen som GlobalGap standaren set.
Hyen Fisk er medlem av Salmon Group. Salmon Group er verdas største nettverk av små, familieeigde oppdrettsselskap. Med base i Bergen, Norge, yter dei service for 40 aksjonærar, som til saman disponerar over 100 konsesjonar for oppdrett av laks og regnbogeaure langs Norskekysten, og produksjon av omlag 50 millionar smolt. Salmon Group forhandlar om fôr, vaksiner, forsikringar og andre fellesløysningar som vi oppdrettarar dreg god nytte av. Du kan lese meir om Salmon Group her.