Vår visjon - Sunn fisk frå eit sunt miljø gjev sunn mat
Fisk er dyr som må få dekka sine eigne behov før våre. Vi ønskjer at fisken vår skal ha det best mogeleg og kunne velje sitt eige miljø, slik at vi kan produsere fisk med best mogeleg tilpasningsevne og helse og kvalitet ut frå dette. Derfor tilset vi og utviklar lokalkjende, erfarne, godt kursa og utdanna personar med erfaring og interesse for dyr.
Nordfjorden er god for fisken og vi må være på lag med fjorden. Miljøet ved vår plassering langt inne i fjorden gjer at det er mykje miljøforskjellar å velgje mellom for fisken i dei 40 m djupe merdane. Dette gjer at vår fisk kan leve i både sjøvatn og ferskvatn, låg og høgare temperatur, mykje eller lite lys eller mykje og lite straum alt etter kva han likar til ulike årstider og i løpet av døgnet. For å ta vare på det miljøet som fisken og vi er avhengig av, måler vi miljøet og vår påverknad og tilpassar drifta vår deretter.
Vi styrer også settefiskproduksjon på Sande Settefisk, som vi er medeigar i, til å klaffe med dei årssyklusane vi har med miljøforhold i fjorden. Ved god planlegging kan vi produsere fisk med kort tid i sjø og dette saman med rett fôring gir mindre belastning på fjorden, og færre utfordringer for fisken.
Alt dette gjer at Nordfjord Laks har låg dødelighet, også samanlikna med landbruksdyr. Vi har oftast under 5 % dødeleghet på laks og under 4 % på regnbogeaure. Den låge dødeligheita, samt prestasjon i sjø har vi motteke prisar for i fem år på rad, noko vi er svært stolte av. Prisen heiter Vinn i Vest og deles ut av vår fôrleverandør, til dei lokalitetene i region Vestland som har prestert best på vekst, fôrfaktor og dødeligheit.
Berekraft = Fisken, miljøet og vi over tid.
Nordfjord Laks forvaltar to konsensjonar fordelt på lokalitetar på Kleppenes og Lindenes i Hyefjorden og ved Haneholmen og Hundvika Aust i Nordfjorden. Dei to konsesjonane nyttar vi til produksjon av både laks og regnbogeaure. Nordfjord Laks AS vart frå 1. januar 2011 fusjonert saman av tidlegare Hyen Laks AS og Nordfjord Havbruk AS. Hyen Fisk AS er største aksjonær, medan dei resterande aksjane er fordelt på mange lokale aktørar, noko som også gjev ei god fordeling av kapitalinngangen i bygda, og gjev grobotn for andre spin-off investeringar. Lokalt og langsiktig eigarskap har vore ein naturleg nøkkel til at selskapet har innsett store fordelar ved å tilpasse seg det lokale naturmiljøet og gode naboar, og også det faktum at lokalitetane våre må vere berekraftige og kompatible også lokalt og politisk over eit langt tidsperspektiv. Vi nærmar oss for eksempel snart 40 års drift på lokalitetet Kleppeneset i Hyefjorden.
Nordfjord Laks AS er medlem av Salmon Group. Salmon Group er verdas største nettverk av små, familieeigde oppdrettsselskap. Med base i Bergen, Norge, yter dei service for 40 aksjonærar, som til saman disponerar over 100 konsesjonar for oppdrett av laks og regnbogeaure langs Norskekysten, og produksjon av omlag 50 millionar smolt.
Vi ble i 2024 Global G.A.P- sertifisert. Det vil seie at vi har dokumentasjon på at produksjonen er i samsvar med dei strenge kriteria i standarden til produktkvalitet, mattryggleik, dyrevelferd, miljøpåverknad og sosial praksis. Vi er stolte av å oppfylle dei høge krava til produksjonen som Global G.A.P standarden set.
Åpenheitslova
Arbeidet som gjerast i forbinding Åpenheitslova syter for at menneskerettigheitar og anstedige arbeisdforhald opprettholdast i vår verdikjede. Les vår utgreiing for aktsomheitsvurdering etter åpenheitslova under. Utgreiinga gjeld for arbeidet som blei gjort i 2023. Har du spørsmål eller ynskjer du dokumentar tilsendt? Ta kontakt på post@nordfjord-laks.no og merk med "Åpenheitslova".